skattejakt: oslo

som de veit, er eg eit prosjektmenneske. eg likar å planlegge ting og involvere folk i dei, og eg elskar tanken på at min innsats gjer at andre folk kanskje får ein betre dag. eg fekk for nokre dagar sidan eit forslag om eg kunne laga ein bloggleik når eg flyttar til oslo. eg tenkte kanskje at det hadde vore fint. då blir det desverre kun for folk frå oslo, i alle fall til å byrje med(kanskje nokon andre vil gjera det i andre norske byar?). uansett tenkte eg at det skulle foregå slik at deltakarane brukar byen til å legge igjen små saker til kvarandre, til dømes bøker, brev, filmar, bilder, postkort. til dømes kan ein gøyma tinga på bibliotek eller i eit tre eller teipa det fast under ein benk i ein park. dei som legg igjen tingen, tek eit bilete av gøymeplassen og sender ein detaljert plan over korleis ein kan finna tingen. så vil eg formidla det vidare til nokon andre som kan finna den! kanskje det kan vera eit par helger i halvåret? fleire innspel? kven vil vera med?

translation

when i move to oslo this autumn, i will be starting a game for bloggers where we will leave small treasures for eachother to find.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *