banan- og kokoskake

denne kaka er så fantastisk god, og ei kake ein kan eta meir til kvardags. den har lite sukker(som er fint for mamma som har diabetes) og er utan fløyte(som er fint for meg som ikkje tåler det).
130685


dutreng
50 g smør
1,5 dl sukker
2,5 dl kveitemjøl
3 bananer
1 egg
4 ms heil- eller lettmjølk
3 msk kakao
1 tsk bakepulver
2 tsk vaniljesukker
1,5 dl kokos(pose)
+ kokos til å strø forma med
+ kokos til å strø på toppen
0,5 tsk natron

saagjerdusann
sett ovnen på 175 grader. smør ei avlang brødform med smør, og strø kokos så det dekkar heile forma utan at noko er overflødig. smelt 50 g smør. la det svalna litt før du har oppi mjølka. kneft to og ei halv banan(resten skal på toppen) og bland i sukkeret + eit egg. bland så smør + melk i bananrøra. bland mjøl, bakepulver og natron i ein bolle, og ha det oppi bananrøra. ta ein tredjedel av røra i ein anna bolle og bland oppi kakao. i størstedelen av røra blandar du i kokos og vaniljesukker. ta den lyse røra oppi forma først, og dra den litt ut på kantane så den mørke blir lagt i midten. tøm den mørke røra oppi og dytt den litt ned i den lyse så dei blandast. pynt med skiva bananer, strø kokos oppå. så vips inn i ovnen i ca 40 minutt, men følg med følg med, for det kjem heilt an på ovnen. det kan vera 30 minutt og 45 minutt òg, men den er ferdig når røra slipper ein gaffel som blir stukke nedi. la den avkjøle seg litt før du skjærer den opp. deilig med vaniljesaus på. mums!


translation
my recipe for banana- and coconut bread! feel free to email me if you want the recipe.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *