to til.

/
eg kjenner den siste utvegen
(å knusa vasar liggande)

er brilliant og hemmeleg hysterisk,
lille

vassfargar merkar brent hud
og mjuknar opp kanten på vasken
“eg går ikkje glipp av noko bra,
berre det dårlege”

piller kjem i klumpar,
som vekedagane
som raud, mørk raud, lys raud

jenter smeltar inn i radio,
knappar og bilar, skitt og bein
tiår går mellom kveldar
og skuldrar mellom bleikt lys
og me snakkar ikkje

om vasen du knuste

h2
husa ligg som perlerad av tenner
han ser på meg som om eg er sjøen
lukta av speglane, alt det gule som har blåna som ei bygate

illusjonen av stjerner(gud er topplaus) og verda går i revers

me eig liv, men sprer det utover golvet som ein skugge, ein skugge som må gøyma seg i graset for oss alle

han syner meg kunst, eg tykkjer det er sånn passe men så hugsar eg at eg har kjent han lenge. under lampa i stova er augene glitterstjerner.

(det er ikkje meininga at de skal forstå noko som helst. eg forstår dei ikkje sjølv eingong.)

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *