ostebröd

060631
på laurdagar og søndagar er det fint å ha litt ekstra godt til lunsj. så i dag har eg bakt ostebrød. det er så enkelt og så godt, og kan etast som det er eller med kjøtt på, til dømes chorizo.

dutreng

225 g kveitemjøl
2 ts bakepulver
1 ts salt
100 g rive ost
1 piska egg
2 ss smelta smør
1¼ dl mjølk
det krydderet du vil. i dag brukte eg timian, for det var det einaste me hadde. men ein kan godt òg bruka grasløk eller oregano.

saagjerdusann

smør ei form(i oppskrifta står det 23×23 cm, men det kjem heilt an på kor tjukt ein vil ha det). ha alt det tørre(utenom litt av osten som skal på toppen) i ein bolle. tilsett det piska egget, smør og mjølk, rør det saman og ha det oppi forma. topp det med litt ost, steikast på 190 grader i ca 30 minutt. la det kjøla seg litt ned før servering.

3588002113911e568c82o
i made cheese bread for lunch today! mail me if you would like the recipe.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *