svar.

for ei stund sidan spurte de ein del spørsmål her. her kjem svar.

hva slags forhold har du til pirater?
kaptein sabeltann + brunost er kanskje mitt sterkaste barndomsminne, så eg vil seie eg har eit ganske bra forhold til piratar. og johnny depp kan få vera pirat på heiltid om han vil. mm.

har du ikke bukse i gymtimene heller?
hihi, dette var det fleire som lurte på. for å vera heilt ærleg, gym er verkeleg ikkje mitt favorittfag og har aldri vore det. eg kan vel gå så langt som å seie at eg hatar gym. men når eg faktisk har gym brukar eg han der fine si mjuke bukse og ei beatles-tskjorte. så veit de det. og nei, de får ikkje bilder.

er det ikke av og til litt skummelt å skille seg ut så mye?
eg føler ikkje sjølv at eg gjer det. kanskje fordi eg bur på ein så liten plass, og alle veit at eg er som eg er, så det er ingen som ser rart på meg eller noko. gamle damer smiler og seier at eg har fine kjolar. så nei, det er berre positivt. det gjer meg glad å berre kunna vera meg sjølv.

hvordan klarer du å leve uten melkesjokolade?
hihi! det går eigentleg heilt fint, for eg kan eta både mørk og kvit sjokolade. og det er det eg likar best.

hvilken sang hører du mest på, akkurat nå?
akkurat no høyrer eg mykje på ingrid michaelson og john mayer, alle sangane eigentleg.

og hvilken sang minner deg mest om han der fine?
veldig vanskeleg å seie. men me har ei sånn pink floyd- og u2-greie, eg og han. eg hugsar lange netter eg låg i senga medan me snakka på telefonen og eg spelte wish you were here på repeat. heile natta lang.

har lillesøsteren din en blogg?
ja, det har ho. men for no så velger eg å beskytta ho litt frå resten av verda.

ER DU NYNORSKBRUKAR?
ja.

når tenkte du at “nei, jeg vil ikke gå med bukser mer, bare gå med kjoler. og jeg bryr meg ikke om folk sier jeg ligner på en bestemor”?
det hugsar eg egentlig ikkje. heilt sidan ungdomsskulen har eg skilt meg ein del ut fra det “normale” i klestil. men det var kanskje tidlig på året i fjor ein gong. den siste buksa eg hadde kasta eg i januar i år, eg har hatt seriøse kompleks for beina mine men bestemte meg for å berre drita i det. om eg ikkje vil gå med bukse, skal eg ikkje gå med bukse. så eg kasta den siste, og det var så ufatteleg skummelt til å begynna med, men no er det heilt perfekt. lovar.

i tiden når du har fått en mer populær blogg har jeg sett flere blogger og bloggere som kopierer veldig mye av det du gjør. hva synest du om det? jeg synest det blir veldig dumt å lese en blogg der det er veldig tydelig at personen hermer etter deg. såg foreksempel noen som kalte brev for hjartepost og mye sånt.
vel, eg veit ikkje heilt kva eg tykkjer om det. for mange av idèane er jo mine, som bokstavtorsdag, og no ser eg bokstavgreier på annakvar blogg eg ser. på èin måte blir eg jo veldig glad for å sjå at eg kan påverka så mange, men på ein annan måte er eg framleis 14 år og vil ha alt for meg sjølv. også er det så morsomt at alle har byrja å kalla kjærestane sine for han der fine, min fine, han fine. samtidig er det så merkelig. at nokon tar etter lille meg, liksom. det hadde eg jo aldri trudd.

og enda en ting: skal du fortsette å blogge når du flytter til Oslo?
absolutt! det blir masse osloblogging og kanskje til og med ein hjartesmil-osloguide! fint vel?

har du noen forslag til hva man gi bort i gave til gutter?
eg slit litt med det der sjølv, men det kjem like mykje an på kva slags gut det er som med jenter, eigentleg. det kjem berre an på kor mykje ein kjenner personen. til han der fine har eg gitt bøker eg elskar, teaterbillettar, til purstagen hans i år fekk han ein heilt ny garderobe i origami-klede og eit brev. så lenge ein sjølv føler det er noko som passar personen, så skal ein ikkje tenka på noko anna enn det.

om du får en uke fri, med lommepenger til å gjøre nesten hva du vil, hva velger du å gjøre? hvor reiser du, og hva spiser du?
da reiser eg først til paris, for i dag har eg eit sånt enormt paris-sug. der et eg fransk mcdonalds i senga, for eg saknar sånn den siste kvelden me hadde i paris. me var utslitne etter å ha prøvd å utnytta dagen til det fulle, så me orka ikkje å gå ut for å eta eingong. me kjøpte med oss masse mcdonalds og såg csi i senga og det var perfekt. så vil eg til roma, for eg saknar italia sånn, og eg vil eta risotto og den mest fabelaktige pastaen og kjøpa masse krydder på marknaden. så vil eg til london, for å vintage-shoppa. så til stockholm og københavn. og til slutt endar eg opp i afrika, for det er der eg har hjartet mitt.

og hva er den mest alvorlige skaden du noensinne har fått?
eg var, tru det eller ei, handballspelar i mi tid, og har knekt og forstua alle bein og ledd som går an i fingrar og føtter og bein. og ein gang hadde eg hjernehinnebetennelse. og fjor hadde eg så vondt i magen at eg trudde eg skulle dø. ellers er det mykje som ein ikkje kan sjå, som med dei fleste andre.

hvordan ble du kvitt reklamen i bloggen din?

hva om du får en jobb hvor du må gå i bukse?
da trur eg at eg må finna meg ein annan jobb. kanskje. eg veit ikkje. men det er berre nesten det mest ubehagelege eg kan tenka meg av alt.

korleis vaskar kjæresten din håret?
som alle andre. med såpe og vatn.


om de lurer på noko meir, berre spør! så oppdaterar eg dette innlegget etter kvart.

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • fint å få svar på gymklær haha. jeg går alltid i kjoler også, men det blir litt vanskelig i gym så jeg må gå med bukse der. jeg hater gym.

  • Du er utrolig søt! :) og jeg har fulgt bloggen din siden du startet, ca.Jeg har et spørsmål: i tiden når du har fått en mer populær blogg har jeg sett flere blogger og bloggere som kopierer veldig mye av det du gjør. Hva synest du om det? Jeg synest det blir veldig dumt å lese en blogg der det er veldig tydelig at personen hermer etter deg. Såg foreksempel noen som kalte brev for hjartepost og mye sånt. Og enda en ting: skal du fortsette å blogge når du flytter til Oslo?:)

  • Om du får en uke fri, med lommepenger til å gjøre nesten hva du vil, hva velger du å gjøre? Hvor reiser du, og hva spiser du?Og hva er den mest alvorlige skaden du noensinne har fått?

  • Haha, det hadde vært veldig morsomt om du bare våknet opp en dag og tenkte at nå kaster jeg alle buksene mine. nei nei, det er noe som skjer gradvis, og når man har sluttet med bukse vil man aldri gå tilbake:)

  • Tykkjer det er herleg at du berre går i kjolar! Mange seier at du ser ut som ei bestemor, men du gjer eigentleg ikkje det, berre litt kanskje, ei svært søt ei :)Og nynorsk er det beste med heile bloggen din! :)

  • jeg synes alfabetet ditt er utrolig morsomt å lese, og har hatt lyst til å gjøre det selv, men som du sier, så gjør alle det. og jeg hater å herme andre folk. og jeg har et lite spørsmål: hvordan ble du kvitt reklamen i bloggen din? :)

  • Takk for svar! Jeg har også alltid skilt meg ut, men det tok lang tid før jeg virkelig viste hvem jeg var. Og jeg gleder meg noe veldig til oslo-bloggingen din!

  • det stemmer nok at mange har stjålet ideene om bokstavdager.men å skrive eller si, han fine, det har da ihvertfall jeg gjort lenge før jeg fant bloggen din.det er ikke et nyoppfunnet ord, så det der er helt feil.jeg skriver ikke – han fine, på grunn av deg.det finnes mange fine :D