lasagne på ein to tre

tomatsaus
i lasagne har ein både ostesaus, bechamel, og tomatsaus. oppskrifta er for 4.
til tomatsausen treng du:
ein boks hakka tomater
eit glas pastasaus av eit slag, ta det du likar. eg brukar grønnsaksausen til coop
hakka lauk
sopp
paprika
så kan ein ha oppi den typen kjøtt ein vil, men det er ikkje så viktig med kva ein har oppi, ta oppi akkurat det du vil så blir det fint. eg har kanel i tomatsausen min, for kanel gjer meg så glad og frisk og det er dessutan kjempegodt.

bechamel


til bechamelsausen treng du:
6 dl lettmjølk(kan òg bruka heil om det er det du har)
jamning av 2 dl lettmjølk + 4 ms kveitemjøl
1 ts salt
1 krm pepar
1  krm muskat
3 dl kvitost, riven

i tillegg treng du ost til toppen og lasagneplater.

saagjerdusann
1
sett steikeovnen på 200 grader. hakk opp grønnsakene. varm olje i ei panne, og steik dei. ha i tomatane og etter kvart ha oppi pastasausen til det er passe konsistens. så skal den småkoke litt.

2
kok opp 6 dl mjølk til ostesausen. rist saman jamning(berre ta det tomme pastasausglaset, ha oppi melet og mjølka og shake it) av kald mjølk og tøm det oppi resten av mjølka medan du rører(viktig!). tilsett osten medan du rører. så kan ein smake til med det krydderet ein vil. eg anbefalar å kjøpa heile muskatnøtter og mala den sjølv, det smakar sååå mykje betre enn krydderet.

3
så finn du ei ildfast form, også gjer du sånn: kjøttsaus, ostesaus, lasagneplater. kjøttsaus, ostesaus, lasagneplater. det kjem jo heilt an på kor stor forma di er, men på det siste er det kjøttsaus, ostesaus, ost. også rett inni ovnen i ca ein halvtime eller til ein kan sjå at lasagneplatene er mjuke og osten er gratinert. medan lasagnen står i ovnen kan du jo dekka på og laga salat ved sidan av.

2260773086ca42292f4f


3588002113911e568c82o
this is my recipe for home made lasagna. just mail me if you want it!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *