skattejakt

på eigedommen til foreldra til han der fine har dei eit hus der ingen bur, men det er fullt møblert. der likar eg å gå på skattejakt. dei har fine boksar fulle med gamle frimerke
30052118
skap fulle av nydeleg stoff
30052121
og det finaste serviset.
30052124
skuffene er fulle av blomar
30052123
eller serviettar.
30052125
og vindauga er så fine at ein dør litt.
30052126
i går fann me noko nytt. ei pappøskje innerst i eit skap. og kva fann me der? kjolar. nydelege kjolar.
30052130
så fine at eg smiler av å tenka på at eg fann dei. i ei øskje. gøymt i eit skap. no skal me snart køyra til lesja, purstagsselskap i dag og konfirmasjon i morgon. eg er ei oppteken kanin. eg er kjempelei meg for at eg ikkje får svart på alle spørsmåla de stiller, eg har rett og slett ikkje tid akkurat no, men eg leser kvar einaste kommentar, finingar. kanskje eg skal ta ei spørsmålsrunde når eg får ei pustepause, kva tykkjer de? eg håpar alle får nydelege laurdagar.

suss på nasen!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *