mine internett-heimar

etsy
Bilde 2
mesteparten av vintageactionen heime hjå meg skjer på etsy. her har dei så mykje fantastisk, det er som ein liten putikk som aldri sluttar å overraska. ein bør ta seg tid til å setta seg inn i dei ulike måtane å utforska etsy på. ein kan sjølvsagt søka etter det ein vil ha og finna ting etter kategoriar, men ein kan òg finna ting i ein spesiell farge eller etter kvar selgaren er frå, veldig kult! ikkje berre er det ein perfekt stad å sjå etter vintage- og second hand-greier, det er òg ein stad folk legg ut sine handlaga ting, til dømes kunst og smykke, men ein kan òg senda mål til ulike selgarar som då syr etter akkurat din kropp. det funkar som eit stort kjøpesenter med mange ulike selgarar som har sine putikkar, og ein bestiller av kvar enkelt selgar. av og til står det at selgarane ikkje sender til noreg men da berre sender de ein melding til dei også fiksar dei det, dei er supergreie folk som regel. ein kjøper ting også er det ditt. ikkje noko byding, berre reine kjøp. fint.

ebay
Bilde 3
ebay er meir som ein jungel. ein svær budjungel som av og til kan vera fullstendig uforståelig, og mange som ikkje heilt forstår korleis det funkar blir nok lurt til å putala for mykje. det er alltid lurt å lesa litt om ebay før ein kastar seg i det. det er to måtar å handle på: auksjonar eller reine kjøp. om ein berre søker i hovudvindauget, kjem begge alternativa opp, etterpå er det mogleg å velja om ein berre vil ha ein av delene eller alt(over resultata). heldigvis har ebay no komme på norsk, så ein kan berre gå på ebay.no, også er ein good to go.

market publique
Bilde 7
vintage-budmarknad, litt ny for meg enda men det ser veldig bra ut og store moglegheiter for å gjera fine kupp! eg trur eg kjem til å henga mykje her framover.

kawaii design
Bilde 1
for dei som har kroppskunst i form av piercingar, er dette ein fin putikk. det er mykje som verkeleg ikkje er min smak i heile tatt, men om ein leitar er det mykje fint. del har fine pluggar og alt mogleg. og fine strømpebukser og kinasko og fine hårspenner. dei har òg laushår og klede!

lady luck rules ok
Bilde 4
lady luck rules ok fekk eg anbefalt i dag, men eg elskar det! det er litt vanskelig å finna ut av, men det er verdt det. dei har fine smykker og fine bøker og fine lommebøker og ja.

mint and vintage
Bilde 6
mint and vintage er det ei blanding av fine merke som manoush og minimarket, men òg mykje fint vintage-klede, som kjolar og jakker.

we love colors
Bilde 9
her skal du kjøpa strømpebuksene dine! helst dei i nylon/lycra. dei er i 80 denier(altså ganske sterke), og fins i sååå mange fargar!

play
Bilde 10
her skal du kjøpa filmar, bøker og tv-seriar(men på engelsk, mind you). det er så hyperbillig at ein dør, for det er gratis frakt!

om kjolar: eg pleier å søka på full skirt dress, laura ashley dress, 50’s dress, 60’s dress, floral vintage dress, peter pan collar dress, eller om ein har god tid og er ute etter kupp, berre “vintage dress”. hugs at det er stor forskjell på vintage style dress og vintage dress. det er ikkje så lurt å søka på storleiken din, for vintage-storleikar er så annleis enn dei i dag, så det luraste er rett og slett å sjekka måla dine mot måla som står i annonsa. og les alltid alt som står! ein må vita kva ein putalar for.

om visa: det er ein myte at ein må vera 18 for å ha ordentlig visa, desverre. snakk med banken din, ta med deg foreldrene dine. eg har hatt visa sidan eg var 15.

i og med at eg ikkje har mi eiga datamaskin tilgjengelig akkurat no, så er ikkje denne lista fullstendig. men det er jo berre fint, for da kan de gleda dykk til neste gong. fint vel? ein laurdagsnattsuss til alle saman!

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *