sånne som ler høgt, del ii

dette er fortsettelsen av mennesketypar eg likar-innlegget.

folk som går på biblioteket fordi dei elskar det

i samfunnet i dag er det egentlig ingen som treng å gå på biblioteket(utenom gamle folk som nektar å ta inn informasjon frå andre plassar enn vestlandsrevyen). me bestiller bøker lett som berre det på internett, og difor blir eg så glad når eg ser folk som sit på biblioteket med nasen i boka. dei som berre elskar å sitta på biblioteket fordi det får dei til å føla seg glade.

folk som sit på taket og ler

eg har ikkje sett så mange av dei, men eg blir så glad. av folk. som sit på taket. og ler. eg skulle ønska eg kunne komma meg opp på taket der eg bur. for da hadde eg vore der mykje.

folk som lever for det vakre

eg blir så glad når eg finn folk som står opp kvar morgon og finn det vakre i ting. som finn det vakre i det stygge, og som klarar å få meg til å sjå det vakre i ting eg ikkje gjorde før.

gamle folk som synar kjærleik

gamle folk som er forelska er absolutt noko av det mest nydelige som finst. eg gler meg til eg og han der fine skal vera kvite i håret(hihi, kvite dreads). eg skal farge håret mitt rosa, og me skal sjå film heile dagen og gå i hagen for å lukta på syrinane.

jenter som dansar og dansar og dansar

eg misunnar verkeleg jenter som kan dansa på eit dansegolv i evigheit utan å tenke på kven som ser på eller noko anna, for den del. eg ville vore ei sånn jente, hadde eg ikkje vore meg sjølv. eg føretrekk å dansa i mørket med nære venner. til toto eller anna deilig 90-tals pop.

folk som gestikulerar

eg elskar folk som må røra på bein og armar, og spesielt når dei snakkar i telefonen. janne gjer det, gestikulerar som berre det i telefonen, og eg elskar det. så når eg snakkar med ho i telefonen, ser eg ho for meg og fniser så eg nesten ikkje får med meg kva ho seier i heile tatt.

folk som smiler på gata

om eg møter eit smil på gata, kan eg vera glad resten av dagen. for det er det einaste teiknet ein kan få frå framande om at vedkommande er snill. og det gjer meg glad å tenka på at eg har møtt ein snill person på gata. smil til folka du går forbi, det er derfor du kan smila.

menn som åpnar døra og held paraplyen for deg

det er kanskje gamaldags, men eg berre elskar det når menn er skikkelege gentlemen og gjer alt berre på den rette måten. eg sit litt fast i 50-talet, men burde det ikkje vera sånn da?

folk som er impulsive

fordi eg er det. altfor impulsiv. hadde eg hatt nok pengar hadde eg ikkje hatt det lenger. eg kunne reist til gardermoen utan å vite kvar eg skulle før eg kom dit, berre bestilla ein billett til langt vekk utan å tenka meg så veldig om. av og til er det ein sjarmerande eigenskap, av og til ikkje.

kva for mennesketypar likar du?

Skriv en kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

  • Gutter som ler så krøllene rister. Og øyne som smiler, kanskje selvom munnen ikke gjør det. Og mennesker som har sånn koselig telefonstemme, sånn at man aldri har lyst til å legge på. Og sånne som bare skrattler kjempehøyt uten å bry seg om hva andre tenker. Også liker jeg å le til jeg får helt vondt i magen når jeg er hjemme alene. Jeg liker generelt latter.

  • Jeg liker folk som starter vegetarianertilværelsen med en baguette med ost og skinke, og glemmer at skinke ikke er vegetarmat, og som deretter sier “jaja, det får bli en annen gang”.

  • “folk som gestikulerar”YEY! Eg gjer, eg gjer, eg gjer! :) Dessutan held eg oppe døra for folk. Men eg er vel ikkje mann. Heldigvis smiler eg til folk på gata. Og eg elskar…folk som verkeleg kan å gi kompliment, slik at eg tek det til meg. Og helst når eg ikkje fortjener det.

  • Mennesker som smiler.Også 50-tallet! Jeg var i senrum her en dag, også så jeg en gutt og han bar paraplyen for en jente som jeg tror sikket var kjæresten hans, og jeg bare stod der og smilte for meg selv. heheh… Også hadde han flosshatt ! :):):)

  • jeg går på biblioteket og smiler til folk på gata, bare fordi jeg liker det. det er fint.jeg liker folk som smiler, ler og ikke bryr seg om bagateller. tenker selv.

  • Bloggen din er fantastisk :-) Alt er så fint gjennomført. Tekstene og bildene er så pene. Liker spesielt denne alfabet-delen din. Jeg blir gla av å besøke denne bloggen. Tusen takk :-)

  • Tack fina du för länken för ett tag sedan! Vilken helt fantastisk blogg du har, jag fullkomligt älskar den! Hit kommer jag tillbaka ofta, och du hamnar direkt på Merry Go Rounds favoritlänklista. :)Kram!

  • jeg elsker å være på biblioteket. og jeg elsker gamle mennesker som holder hverandre i hendene.jeg elsker også små, høflige asiatiske barn og litt sånn godt voksne folk som ikke synes det er noe rart å bli venner med yngre mennesker (for de har ikke så mange fordommer). og så liker jeg mennesker som kan sitte alene på en benk i byen, eller i parken, skikkelig lenge og så kan man bare se at de koser seg. helt alene.

  • du har gitt en bra beskrivelse av de jeg liker :) Jeg liker fok som går på kafe jeg og Kine :D Også liker jeg folk som ler, selv når det egentlig ikke var morsomt, folk som smiler til deg selvom de ikke kjenner deg

  • Jeg liker folk som sier “fin t-skjorte!” til random personer…Jeg liker folk som spør obvious spørsmål som f.eks: “Har du farga håret?”, “Er du her?” og “Er du russ i år?” :)

  • her om dagen såg eg ein eldre, og nokså fint kledd mann som hadde vore i sentrum (reknar eg med, sidan han gjekk av bussen) og kjøpt seg ei sånn lilla pakke med påskeegg. eg trur han skulle dela med kona. det gjorde meg iallefall svært glad å tenkja det. det kan forresten òg vera at dei berre var kjærastar, og at han skulle på besøk. eller at ho budde på gamleheimen der, og at han skulle på besøk. han hadde iallefall pynta seg og kjøpt påskeegg :D

  • Eg likar aller best folk som er positive, smiler og ler! (: Elles likar eg folk med eigne meinigar som tør å stå for dei, folk som hjelp andre og engasjerer seg, folk som er gjestfrie, folk som lagar fin musikk utan å gjere så mykje ute av seg sjølve, folk som kan å lage mat, og til slutt folk som gjev gode klemmar (:

  • Jeg liker folk som gir komplimenter til andre de ikke kjenner. Det er jo så koselig når man blir stoppa av en tilfeldig på gata som sier at kjolen din er fin, for eksempel. Så sier man takk og smiler og går videre. Det er fint.

  • Jeg liker alle som har skrevet over her– blir helt varm om hjertet av så mange flotte holdninger. Vi “som har levd en stund” har all grunn til å ha gode tanker om ungdommen.

  • Eg likar menneske som smiler, som er litt galne på den rette måten, som kan dansa bortetter vegen avdi det er fint vêr, som likar musikalar, som les bøker, som likar meg slik eg er :-D