peppermynte er min ven.

okei, no skal me faktisk baka. sjå så glad eg er.
221244

i min lille familie som består av megsjølv og han der fine, er det viden kjent(mellom oss to) at før ein bakar, må ein snurra i bestemorkjole. så da tar me den biten fyrst.

221236
221243

sånn. etter du er ferdig med det kan du gjera følgande(du vil kanskje først vita kva me skal laga? peppermyntestenger.):

kok opp 1 dl mjølk med 50 g mjøl. dette blir ein ganske ekkel graut som ser sånn ut:
221247
(nei, det ser ikkje godt ut i heile tatt – men det blir!) sett den til avkjøling ei stund medan du drikk eit glas solo, for eksempel.

så! no tek du 500 gram melis(det er ein heil sånn boks, og helst økologisk for min del) og 6 dropar peppermyntedropar(desse må ein kjøpa på apoteket). også skal du gjera det umulige, nemlig å kna 500 gram melis inn i ein pytteliten deig. det går bra med litt damemusklar. når du er ferdig skal den sjå omtrent sånn ut:
221248

så! no er det på tide å rulla ut til små rullar, ca like store som min lillefinger og kanskje din òg. sånn:
221249
(dette tek litt tid)

så tek du ca 75 gram delfia-feitt og 150 gram kokesjokolade og smeltar det saman til ein deilig symfoni. sett det til å kjøle litt medan du tømmer kokos ut over ein vanlig middagstallerken(viktig at den er passe flat). du treng ca ein heil pose kokos, 200 g, men ikkje ha alt på tallerken på ein gong. spe heller på etter kvart. tøm sjokoladeblandinga over på eit middagsfat.
221253
221252
no er det på tide å grise. rull/dypp kvar peppermyntestang så den er dekka i sjokolade. så rullar du den gjennom kokosen. legg på fat. voila! (no har du berre ca 50 igjen, hih)

221251
også må ein grava dei ned i hagen. så gode er dei faktisk.